ODDNY
Med låtar som «Oktober, Bergen by», «Bittelitt» og «Alma» har Spellemannvinnar Oddny for lengst markert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv.
Radiosuksess, utselde konsertar og ei stadig veksande fanskare, stakk dei òg av med Luttprisen 2024 som Årets nykommar. I 2025 stod prisane i kø vidare, då både Norsk Viseforum sitt Artiststipend og Frank Hammersland-minnefond landa i fanget deira. Det seier sitt: Oddny treff folk midt i bringa. Og då Spellemannprisen skulle delast ut, gjekk Iver Strand Senneset / Oddny heilt til topps og vann prisen for Årets tekstforfattar, i tillegg til nominasjon i kategorien Årets låtskrivar.
Med sin heilt eigne og særs gjenkjennelege signatur, miksar dei alternativ poprock med dialekttekstar fullada av nerve og nærleik. På scena har dei blitt eit av dei mest snakkis-skapande livebanda i landet, og 2025 tok dei med storm – festival etter festival, frå små og store salar i både Noreg og Sverige. Utselt på Kulturhuset i Bergen. Utselt på Parkteatret. Og då dei spela på by:Larm i 2025, kasta Gaffa ein klinkande seksar og kalla konserten «grandios». Det er berre å bøye seg i lua.
Bandet held til i Gamlahuset i Bremanger – eit slags musikalsk kollektiv der dei i periodar bur, jobbar, skriv og speler inn låtane sine, med trommis og produsent Oliver Igland som trygg hand på spakane. No er dei tilbake i Gamlahuset, der dei denne våren spelar inn si andre plate – og ny musikk er venta i løpet av året.
Oddny er skjerpa med ny energi, ferske plekter og planane klare. Dei kjem til oss i full framdrift, med låtar som går rett inn utan å banka på.
Omtalar:
Spellemannprisen 2025 – TONOs Tekstforfatterpris – 2025
Firda – Oddny vann Tekstforfattarprisen under årets Spellemannpris
Firda – Innblikk i den intime innspelingsprosessen
Gaffa – Gaffa-prisen 2026 – Nominert i fire kategorier
Gaffa – Ukens artist
NRK – Luttprisen 2026 – Nominert til Årets Artist
NRK – Luttprisen 2025 – Nominert til Årets Artist
NRK – Luttprisen 2024 – Har posisjonert seg med kvardagslyrikk og dialekt som varemerke
Frank Hammersland Minnefond – Dette er en låtskriver og et band vi er sikre på vil prege festivalscener rundt om i landet i årene – og tiårene – som kommer.
Liveomtalar:
6/6 – Gaffa – by:Larm 2025 – En grandios konsertopplevelse
Studvest – Cornerhagen 2024 – et vestnorsk unikum
Dust of Daylight – Malakoff 2024 – Om de fortsetter som de gjør nå, så er Oddny et av våre aller største band om 5-6 år
Albumomtalar:
5/6 – Gaffa – Lågmælt storhet frå Oddny
5/6 – BT – Dette bandet er Vestlandets Odd Nordstoga
5/6 – Firdaposten – Ingen i hele verden er som Oddny
4,5/6 – Klassekampen – I Oddnys varme folkerock er ensomhet en normaltilstand
Singelomtalar:
Gaffa – “Firfisle” – Et band jeg tipper man kommer til å høre mye på radio de neste årene
NRK P3 – “Alma” – Oddny bør bli en større snakkis. Nå!
NRK P3 – “Bittelitt” – Treffer rett i sjelen
5/6 – BT – “Firfisle” – Låtens mellomspill treffer den nerven bandet kommer til å klatre til topps med
